Malakoff 2019

Arrangementsinformasjon

Ein festival heilt utanom det vanlege
Kvar juli-månad vert den sjarmerande bygda i Nordfjord forvandla til ein yrande vrimmel av glade festivalfolk. Fleire titals tusen strøymer til Eid for å boltre seg i den heilt spesielle festivalopplevinga; tre usannsynleg råe dagar med superkjekke folk, ein eksepsjonell lineup, bøttevis med god stemning og ein brusande festivalcamp – faktisk ein av landets største! Malakoff er omringa av fjordlandskap og inviterer til store opplevingar med kort reiseveg. Våre festivalrammer gjev deg minner for livet og lengsel til sommaren.

Velkomen til Malakoff. Velkomen til #denbestefestivalopplevinga!


🗺️ Arrangerast på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane 18.-20. juli 2019

🕺 Utselt 3 siste åra med 25.000 besøkande over 3 dagar

🎵 Malakoff er ein musikkfestival med hovudfokus innan rock

🏆 Den 17. festivalen i 2019

🏕️ Ein brusande festivalcamp med 5500 teltande fordelt på 1000 telt

🎤 Ca 30 nasjonale og internasjonale artistar fordelt på 3 scener. Noko heilt uvanleg stort i ei lita bygd!

🌳 Særprega og grønt festivalområde i vakker vestlandsk natur

💛 Dei kjekkaste frivillige du truleg nokon gong vil oppleve. Over tusen lokale personar er med kvart år!

🍔 Digg mat og drikke


Les meir om våre billettar HER

Overnattingstilbud på Malakoff 2019:

- EIGE TELT: teltplass på festivalcampen 3x4m
- PODTOWN: eiga oppreidd seng - Bestill HER 
- KARTENT: ferdig oppsatt miljøvennleg telt
- LAVVO: ferdig oppsatt lavvo på festivalcampen
Meir info: https://www.malakoff.no/overnatting


musikkfestival
malakoffrockfestival
denbestefestivalopplevinga
malakoff19
malakoff18

Restriksjoner

18 års aldersgrense på festivalcampen. Ingen aldersgrense på festivalområdet og barn under 12 år går gratis i følge med ein vaksen. Festivalområdet har eigne barområde med 18 års aldersgrense. Hugs legitimasjon

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikkje. Programendringar kan forekomme. Kansellering av artister/band og påfølgjande programendringar vil
ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Refusjon gis kun ved avlysning av heile arrangementet.